torsdag 9. oktober 2008

Om blogginnlegg og kommentar veke 41:

Takk for mange gode og interessante innlegg og kommentarar omkring undervisningsplanlegging. Fleire og fleire av innlegga imponerer meg med god innsikt og vidt perspektiv!
Pass på at de svarar på kommentarar de har fått frå meg og medstudentar, me har alle langt mykje tid ned i både lesing og skriving, og me fortener derfor alle "eit svar på svaret". Dette treng ikkje vere langt eller omfattande, det kan godt hende det er nok med eit "Takk for konstruktiv kommentar".
Temaet denne veka er gruppe- og klasseleiing. Eitt utgangspunkt kan vere Ashild sitt spørsmål: "Korleis gjere klasserommet til ein god læringsarena? Vel ut tre forhold og grunngi desse vala", men de kan gjerne finne ein annan innfallsvinkel til temaet.
Hugs å kommentere, innan onsdag i neste veke, innlegget til personen to plassar under dykk på blogglista. Eg skal ikkje leggje inn spørsmål til dykk denne veka, så de kan konsentrere dykk om kommentaren frå medstudenten.
Kommentaren treng ikkje vere eit spørsmål, det kan og vere ein "begrunna kommentar", dvs. ein kommentar der de konkret peikar på noko de meiner er bra eller noko de meiner bloggaren bør sjå nærare på. Eksempel: De skal ikkje berre skrive "Flott", men få med kvifor, "Flott, fordi du........."

[Innlegget mitt frå forrige veke gjeld framleis, så her er det igjen:
Dei som føler seg meir eller mindre trygge på teori relevant for eit blogginnlegg, treng ikkje bruke mykje tid og plass i blogginnlegget til å referere denne teorien. Bruk då heller omgrepa frå teorien aktivt i refleksjonar omkring teori og praksis.
Men, dei som ikkje føler seg "sikre nok" i teorien, kan gjerne referere meir frå teorigrunnlaget. Det er mange gode grunnar for det, blant anna for å lese/skrive dykk inn i emnet, for å repetere, eller for å ha eit konkret fundament for refleksjonar. Vel du denne løysinga, og eg understrekar at det er heilt OK - det er di læring og utvikling som er det sentrale, så må du passe på at du avslutningsvis kjem med eigne vurderingar eller tankar omkring temaet.]

torsdag 2. oktober 2008

Enda eit skritt framover når det gjeld blogging

Dei som føler seg meir eller mindre trygge på teori relevant for eit blogginnlegg, treng ikkje bruke mykje tid og plass i blogginnlegget til å referere denne teorien. Bruk då heller omgrepa frå teorien aktivt i refleksjonar omkring teori og praksis.

Men, dei som ikkje føler seg "sikre nok" i teorien, kan gjerne referere meir frå teorigrunnlaget. Det er mange gode grunnar for det, blant anna for å lese/skrive dykk inn i emnet, for å repetere, eller for å ha eit konkret fundament for refleksjonar. Vel du denne løysinga, og eg understrekar at det er heilt OK - det er di læring og utvikling som er det sentrale, så må du passe på at du avslutningsvis kjem med eigne vurderingar eller tankar omkring temaet.
Som sagt, ting tar tid, og me tar derfor eitt skritt om gongen:-)

Om blogging generelt og spesielt for veke 40

Eg synest absolutt de er godt i gang med blogging. Alle har i alle fall gjennom skrivinga fått repetert temaet, de har fått skrivetrening, og de har alle reflektert omkring ulike tema. Dette gjer at eg er sikker på at ingen har tapt på, eller "blitt dummare" av å delta.

Mange av innlegga har også imponert meg ved solid fagkunnskap kombinert med fornuftige refleksjonar, ofte knytt til praktiske erfaringar. Pass på at de svarar på spørsmåla eg har stilt dykk i eit nytt innlegg.

Denne veka er temaet "undervisningsplanlegging". De kan sjølv styre fokus og innfallsvinkel, men for dei som ønskjer eit utgangspunkt, så kan de f.eks skrive omkring: "Kva meiner eg er viktig å ta hensyn til når eg skal planlegge ei økt?", "Mine tankar omkring den didaktiske relasjonsmodellen", "Planlegging i teori og praksis"
Fristen for innlegget er i løpet av fredagen.

Så kjem noko nytt: I løpet av onsdag i neste veke skal du også ha kommentert innlegget til den personen som står under deg på "blogglista". Det er ei treningssak å kommentere, så dette vil gå seg til etter kvart. Husk at hensikta med kommentaren er vidare læring, du skal derfor i større grad gi ei "framovermelding" enn ei "tilbakemelding". Ha som utgangspunkt for kommentaren at du skal vere ein "kritisk venn", og sjekk før du trykker "Publiser" at kommentaren din faktisk både er litt kritisk, men også vennleg.

Dette er også ei svært aktuell øving for dykk, de må i framtida gi mange slike "framovermeldingar", både her på HSH, men framfor alt som lærarar i skulen.

mandag 8. september 2008

Nokre tankar etter to rundar med blogglesing

Ja, no har eg lese og kommentert to omgongar med blogginnlegg frå klassen. Det har vore svært interessant lesing, spesielt spennande at klassen er samansett av studentar med så stor skilnad i bakgrunn og interesser. Det gir eit godt utgangspunkt for ulike synspunkt, og det treng me alle å møte og brynast mot for å komme vidare - og det igjen er eit viktig poeng med denne bloggen!

fredag 29. august 2008

Velkommen!

Hei, verden! Dermed ser denne bloggen dagens lys! Det skal bli eit spennande prosjekt å prøve blogging saman med dykk nye studentar. Eg håpar og trur at me kan få det til å fungere som eit refleksjonsforum der me tenkjer i lag og utviklar oss. Det er i alle fall planen:-)

A1 er elles ein kjekk gjeng, og no gledar eg meg til å lese om kva slags lærarar de hugsar!